Den gløymde songskatten

- eit innsamlings- og

dokumentasjonsprosjekt

«Den gløymde songskatten» er eit innsamlings- og dokumentasjonsprosjekt som tek føre seg vokal folkemusikk frå bygda Vågå i Gudbrandsdalen. Medan felemusikken i bygda er godt dokumentert, er vokalmusikken forsømt, og tida renn ut. På 1700- og 1800-talet var Vågå ei bygd med rike tradisjonar, impulser frå studerande i København, prestefamiliene og gjennomreisande, og både lokale og internasjonale songar sto på repertoaret hos bygdafolket. Mest kjend er nok songane etter Edvard Storm.
 
"Den gløymde songskatten" er eit prosjekt der målet er å samle gamle songar frå Vågå, og gjera dei tilgjengelege for barnehage, skule og bygdafolk i form av denne nettsida.

Veit du om gamle songar og melodier som har vorte brukt i Vågå, da vil eg gjerne koma i kontakt med deg. Har du eit hefte i familien din, der eldre generasjonar har skrive ned songtekster, eller veit du om nokon som kan ein melodi eller ti? Send meg ein mail, eit mobilopptak, bilete av tekster, eller kom med tips om songar som burde vera med! Ingen song er for kort eller uinteressant!

Hildegunn Hovde arbeider til dagleg som frilans songar, pedagog og forskar ved Høgskulen i Volda, og er prosjektleiar for "Den gløymde songskatten". 

Hovde er oppvaksen i Vågå, og lærte dei fyrste folketonene frå bestemor si. I barnehage og i grunnskulen lærte ho fleire folketoner frå både Vågå og andre bygder i Oppland, og desse har fylgt ho sidan.

Ho er utdanna songar frå Barratt Due Musikkinstitutt, med ein master i utøving frå Norges Musikkhøgskole. Hovde har vore særs aktiv i å tonesetja tekster av lokale diktarar dei siste 10 åra, mellom anna gjennom prosjekta "Diktarplager", "Rimrose" og "100 år i kjærleik og død", sistnemnte i samband med 100-årsjubileet for diktaren Tor Jonsson sin fødsel.

Prosjektleiar